kr 79,000.00

Chevrolet Starcraft

273E837B-3042-497E-9805-A40235275464
C48F512C-0747-4048-BFC1-892858ED78D7DA41E4D8-7364-4E3D-AAAA-691776C9C57ED2395D91-8E5C-4326-950B-3A532BFF3EDF38C19F5A-B192-479B-B84E-39AD66D41B4C2786A1C3-6E60-4D4B-BF76-82EB1B5F53683B878F96-48A7-4D14-8814-1A7C08029356F9B6BD73-BA6F-4D34-8549-4A441457A8E56275F55A-3224-47A4-A1AE-D6E9F8323E741B7970D3-C35B-47A7-91E1-0B5BA8CFEE1A

Annonsedetaljer

  • Russebilnavn: Purge 2019
  • Bilmerke: Chevrolet
  • Modell: Starcraft
  • Årsmodell: 1992
  • Km.stand: 195091
  • Registreringsnr.: UE75352
  • EU-godkjent: Ja
  • Årsavgift inkl.: Nei
  • Omreg.avgift inkl.: Nei
  • Antall seter: 7
  • Drivstoff: Diesel
  • Girkasse: Automat
  • Utstyr: Air Condition, Lydanlegg, Sentrallås, Servostyring
  • Fylke: Møre og Romsdal
  • Gate: Dalevegen 94
  • Postnr.: 6230
  • Poststed: Sykkylven
  • Kontaktperson: Thale Oksavik Tandstad
  • Telefonnr.: 90222061
  • Annonsert: 7. juni 2019 18:25
  • Utløper: 107 dager, 9 timer

Beskrivelse

Pris kan diskuterast!

Då var tida inne for å sende stafettpinnen over til neste kull. Gliset har frakta oss gjennom russetida og tur/retur Lillehammer utan eit einaste problem eller stopp! Vi og innleigde sjåførar har hatt stor glede av å køyre rundt i ein bil som er veldig påliteleg og god å køyre.

Bilen gjekk glatt gjennom russebilgodkjenninga 2019 utan nokon merknadar eller påpeikningar. Den har også vore russebil i berre 3 år, som igjen tydar på at den er i utrulig god teknisk stand og har liten kilometerstand i forhold til alder. Bilen blir køyrd med vanleg førerkort klasse B og er registrert for 7 personar, men det er mogleg å registrere opp til 8 (ekstra belte følger med). Den må derimot bli EU-godkjent for 2020 kullet, men det ikkje skal vere noko problem å få den godkjent grunna minimalt med problem! (Papir på alt teknisk som er gjort, samt testar/godkjenningar følgjer med).

Bilen er av modellen Chevrolet Starcraft G30, 1992 modell. Den er lakka i ein djup raud farge som gjer den svært estetisk tilfredsstillande. Den fekk også splitter nytt sett med heilårsdekk i vårt eige som også er eit stort pluss, uansett kva vêr ein skulle møte på i mai 2020.

Ikkje berre er bilen vakker utanpå, men også inni. Interiørmessig har bilen nytrekte veggar i nøytral gråfarga skai. Den har også originale pilotseter i burgunderfarga skinn som er svært komfortable og har god plass. Gulvet er av laminat som både ser bra ut og gjer bilen lett å reingjere. Vi har også montert opp nye RGB-ledlys der kontroll med fargevalg er med. Noko som vi fekk spesielt stor glede av gjennom russetida, var den romslege og opne plassen inne i bilen. Bilen har fleire oppbevaringsplassar og stort rom til å bevege seg på. Interiøret er også veldig minimalt og basic, som gir stort spelerom for å setje sitt eige personlege preg på bilen. Anlegget var også nytt i fjor og lagar svært god lyd med ein bass som durar. Det består av:

– 2 stk Ground Zero GZRW 15D4 15” (subbar)
– 4 stk Ground Zero GZCT 2000X horndiskant
– 4 stk Ground Zero GZCK 165SPL (høgtalarar)
– Ground Zero GZCA 1.2K-SPL (forsterker)
– Ground Zero GZIA 4115HPX-II (forsterker)

Nytt i fjorårets eige:
– 2 nye batteri
– Nye ledlys til 2000kr
– Nytt anlegg til 20 000kr
– Alt av bremse
– Trykklufthorn

Nytt i vårt eige:
– 2 nye batteri
– Nye ledlys til 2000kr
– Ny styrekule på førersida framme
– Splitter nytt sett med heilårsdekk
(Papir på alt følger med)

Bilen selgast med:
– Ekstra belte dersom ein vil registrere opp til 8 sete
– Motorolje
– Automatolje
– Spylerveske
– Lyspære
– Bremsevæske
– Servoolje
– Polering med raud farge
– Fargeprøve på lakken (dersom ein vil lakke opp igjen)
– Solskjermar ein kan henge opp igjen (blei demontert)
– Ekstra armlene (dei andre er festa der dei skal)
– Megafon
– 2 vanngevær

Ved interesse eller spørsmål er det berre å ta kontakt! Alle bud mottas og pris kan diskuterast ved hurtig avgjersle. Bilen held til i Sykkylven og blir solgt som den står.

Annonse-ID 185cfa9dafcfc4e

  

Rapporter problem

Processing your request, Please wait....

Dagens toppannonser